Aktivitetar ved Hotel Rondablikk

Frå teater til fjellvandring, sykling og fisking!

I området kring Rondablikk finn du det beste av kulturopplevingar og naturopplevingar. Du kan nyte naturen både med utfordrande og lettare turar - her er noko for alle. Om sommaren har vi dyr i nærområda, det er fint å fiske, sykle eller gå i fjellet. På Rondablikk har du heile nasjonalparken framom deg!

Høg kvalitet er eit kjennemerke!

Finn aktivitetar her

 

  • Peer Gynt-stemnet samlar gjester frå fjern og nær til ei kjent og kjær kulturoppleving.
  • Furusjøen Rundt arrangerer skirenn, sykkelritt og løp ved tre anledningar gjennom ulike årstider.
  • Rondaståk samlar gamle og unge til musikkopplevingar av høg kvalitet, og har på få år fått eit svært godt rykte.
  • Vinterstid kan du oppleve den vakre naturen bak eit entusiastisk hundespann, og skiløypenettet gjev deg strak veg til Mysuseter og heilt til Rondvassbu i Rondane. 
  • Anten du kjem under eit av desse arrangementa eller utenom, ligg det innbydande fjellterrenget klart til å ta i mot deg. Våre ansatte har kunnskap til å gje deg gode og varierte turforslag. Ta kontakt med Hotel Rondablikk for meir informasjon.