Bli Franchisetakar i Pure Hotels?

Bli din eigen sjef - bli franchisetakar i Pure Hotels

PURE Hotels er eit franchise-system for små hotell i Distrikts-Noreg. PURE har som mål å bygge og ivareta bærekraftige hotell på unike stader, både langs fjordar og til fjells. PURE skal ha vertskap med eit personleg og ekte ynske om å gje god servise, og særmerkt mat som gjev deg gode opplevingar og varige minner. PURE eig og driftar fire hotell og gjestehus i Sogn og Fjordane og Oppland. Målet vårt er å vekse meir gjennom fleire kjøp, og gjennom privateigde hotell som ynsker å bli PURE-partner hotell.

Kva inneber eit franchise-system?

“Franchise er ein forretningsmodell som baserar seg på eit samarbeid mellom to sjølvstendige partnarar, desse kallast franchisegivaren og franchisetakaren. Kor franschisetakaren, mot ein direkte eller indirekte kompensasjon, får retten til å etablere og drive ein forretnings-einheit i samsvar med eit fastlagt forretningskonsept. Premissane for drift av franchisetakaren si verksemd, samt vilkåra for samarbeid mellom partane, er avtala i ei juridisk bindande kontrakt. (Cappa 2012) Franchise-systemet er difor ei form for samarbeid mellom to sjølvstendige partnarar. Franchisegivaren eig ein etablert og økonomisk gunstig forretningsmodell. Franchisetakaren driv sitt eige selskap, i tråd med forretningsideen og forretningskonseptet knytt til merkevara. Franchise-konsept blir meir og meir populært, grunnen til dette er kombinasjonen av den sikkerheiten som eit etablert forretningskonsept gjev og den dynamiske filosofien som ein uavhengig entreprenør kan bidra med. Eit franchise-konsept gjev deg moglegheiten til å realisere draumen om di eiga verksemd utan å vere ein av grunnleggarane, frå den tidlege oppstarten. Som franchisetakar kan du lene deg på franchisegivarens erfaring og kunnskap, og dermed få ein lettare og jamnare oppstart. Du er ansvarleg for di eiga verksemd, men med mindre risiko. (www.franchiseportalen.no)

Inngå franchise-samarbeid med PURE Hotels

Som franchisetakar hjå PURE hotels driv du di eiga verksemd, men med målbare fordelar og støtte frå eit erfarent hotell-team i PURE. PURE Hotels gjev deg konseptuelle manualar, operasjonelle manualar og support med kontinuerleg opplæring, kursing og oppfølging. Vidare vil de vere tilknytt ein felles internettportal på purehotels.no, med søkemotoroptimalisert marknadsretting, jamnlege oppdateringar og vedlikehald. Ytterlegare fordelar som franchisetakarane i PURE kan dra nytte av er aktivitet på sosiale medier, ei rekke fellesfunksjonar og event, samla deltaking på reiselivsmesser og liknande, samt bruk av vår visuelle identitet. Felles framstøt innan salg, eit breitt nettverk av gode kollegaer og samla innsats på marknadsføring er andre gode grunnar til å bli ein del av PURE Hotels.

Ynsker du meir informasjon? Kontakt dagleg leiar Ulrich Bohnenblust på post@purehotels.no