Om oss

Me ynskjer at du som gjest skal få oppleve glede og unike augneblikk på hotella våre. PURE ynskjer å utvikle og bevare berekraftige bedrifter på usedvanlege vakre stader i Noreg.
 
PURE-filosofien inneber å taka i bruk dei beste lokale råvarene, tjenestane og aktivitetane for å skape gode minneverdige reiseopplevingar. Me vil engasjere lokale medarbeiderar og arbeide for at heile lokalsamfunnet kan vera stolte ambassadørar for hotella. Det er eit mål å vera ein pådrivar og bidragsytar for det lokale kulturlivet.
 
PURE Hotels er eit franchisekonsept og franchisetakeranes personlege engasjement, smil og serviceinnstilling skal prege hotella. PURE Hotels er unike hotell som byr på ei eineståande atmosfære, god mat og eit imøtekomande vertskap.