Aktivitetar ved Hotel Eidsbugarden

Frå toppturar til rockefestival - surfe på klare fjellvatn eller klatre i bratte fjellveggar - eller kanskje ein kort tur i lyngen?

Ved Eidsbugarden er det aktivitet gjennom alle sesongar, her kan du gå toppturar med guide eller korte turar nært hotellet.

På sommaren kan du nyte Vinjerock, ein av noregs mest særeigne festivalar.

Dette er staden for mange!

Finn aktivitetar her

  •  Guida turar: Vi samarbeider med Tyin Aktiv og kan tilby guida toppturar til ei rekke turar i nærområda heile vinteren. Er du nyskjerrig på å dra på topptur vinterstid, men føler at du ikkje veit alt som skal til for å dra på tur ålene? Då kan ein guida topptur vere midt i blinken. På våre organiserte turar får du grunnleggande informasjon om trygge ruteval, kunnskap om skred og kameratredning med blant anna bruk av sendar/mottaker. Om du ikkje har topptur-skiutstyr sjølv, men ønsker å bli med på ein slik tur, så har vi komplette pakker til utleige. Turane må forhåndsbestillast.
  • Skredkurs: Eit skredkurs er ein obligatorisk øvelse for alle toppturinteresserte. Nærmare informasjon om dato og tid i 2017 kjem.
  • Kitekurs: Etter å ha halde oppe ein vintersesong på Eidsbugarden har vi sett at denne stadet egnar seg veldig godt for kiting vinterstid. Her kan ein kite rett utanfor døra eller dra lenger innover fjellet om ein har lyst på litt fleire utfordringar. Staden egnar seg både for nybegynnare og dei som har kita mykje før. Denne vinteren kan vi i samarbeid med Fluid.no tilby kitekurs her oppe heile vintersesongen. Fluid innførte kitesporten til Norge, og starta med kitekursa sine i 1998. Sidan den gong har dei utdanna tusenvis av ivrige nye kitere. Fluid har utvikla fleire kurssenter i fjellet i sørnorge, og held kurs på vatn i Stavanger og Oslo på sommaren. Dei har også camper i utlandet for nybegynnere som ønsker oppfølging gjennom ei heil veke, eller for dei med eiget utstyr som ønsker utvikle seg vidare samen med andre entusiastar.
  • Vinterferie: Kom og besøk oss på Eidsbugarden hotell i vinterferien. Vi på Eidsbugarden hotell ønsker å gje våre gjester ei heilt spesiell oppleving. Eidsbugarden ligg idyllisk til midt i Jotunheimen utan vegsamband vinterstid. Berre det å køyre beltebilen inn til oss er eit eventyr i seg sjølv. Dette gjev deg og din familie ein unik moglegheit til å vere saman, nyte naturen, god mat og gode senger i komfortable omgjevnader. Vi har aktivitetar og underhaldning for barn i alle aldre kvar dag heile vinterferien så her er noko for både store og små.

Ta kontakt med Hotel Eidsbugarden for meir informasjon.