FAQ

Ofte stilte spørsmål til PURE Hotels

Når kan vi sjekke inn?
Hotella er klare for innsjekk frå kl. 15.

Når skal vi sjekke ut?
Ver venleg å sjekk ut innan kl. 11 på avreisedagen.

Kva er aldersgrensa for å bu hjå dykk? 
Om du reiser åleine og ikkje har fylt 18 år, skal fullmakt frå foreldre eller verge følge bestillinga. Vi førebeheld oss retten til å be om legitimasjon ved ankomst / innsjekk.

Finst det trådlaust internett og kva kostar det bruke internett? 
Trådlaust internett er tilgjengeleg og gratis på alle våre hotell.

Har de parkeringsmoglegheiter?
Alle våre hotell tilbyr gratis parkering.

Er hotella tilpassa for rullestolbrukarar? Vi ber deg om å ta kontakt med det enkelte hotellet for å avklare tilgjengelegheit for rullestol.

Kan eg ta med kjæledyr mitt?
Kun hundar er tillate på våre hotell.

Er det tillate med førarhund?
Førarhund er hjarteleg velkomen.

Er det lov å røyke på hotella dykkar?
Alle våre hotell er røykfrie.

Er frukost inkludert i prisen?
Frukost er alltid inkludert i romprisane våre.

Er merverdiavgifta inkludert i prisen?  
Merverdiavgifta er inkludert i romprisane våre.

Korleis handterer PURE familierom, ekstrasenger, barnesenger og tillegg for barn? 
Ekstraseng kostar kr. 400 / døgn for vaksne og barn over tolv år. Små barn under to år er gratis, medan barn over to år kostar kr. 200 /døgn. Kottsenger for barn kostar kr. 100 per døgn. 

Kva for kredittkort og betalingsmidlar aksepterar vi? 
Hjå PURE kan du nytte Visa, Mastercard og BankAxept.

Korleis kan eg avbestille eit rom som er førehandsbetalt? 
Rom som er betalt på førehand kan avbestillast gratis i løpet av dei fyrste 24 timane etter bestillinga er registrert hjå PURE. Etter det, og fram til 72 timar før ankomst, vil du kunne avbestille mot eit administrasjonsgebyr på kr. 500 per døgn.

Kva er reglane for avbestilling dersom eg ikkje har betalt på førehand?
Ver venleg å avbestill innan kl. 12 dagen før ankomstdagen for å unngå å bli belasta for rombestillinga. (No show gebyr).

Eg brukar Mac og klarar ikkje gjennomføre ei førehandsbetaling? Dette er eit problem som er relatert til BankID, som er ein standard sikkerheitsløysing dei fleste norske bankar og betalingsleverandørar benyttar seg av. Mac-brukarar opplev ofte at tastetrykk ikkje blir registrert i BankID. Enkelte brukarar rapporterer at dette problemet kan omgås ved å anten oppdatere sida (Eple/funksjonstast + R) eller ved å trykke tilbake-knappen i nettlesaren, og deretter framover-knappen. 

Eg har matallergi, kva kan de tilby? 
Ver venleg å registrer dine behov i kommentarfeltet under bestillinga, eller informer oss seinast ved innsjekk. All mat på våre menyer og på våre buffeer er spesifisert med innhald, slik at du kan føle deg trygg.

Har de allergirom?  
Alle våre hotell tilbyr allergirom som er langt på veg tekstilfrie, og som er utstyrt med syntetiske dyner og puter.

Korleis bestille for familieselskap, bryllup, eit selskap eller ei konferanse?  
Ta gjerne kontakt med oss på telefon for å bestille slike arrangement, eller be oss å kontakte deg for å kartlegge dine behov og moglegheitene vi kan tilby deg.