Hotel
Rondablikk
Aktivitetar ved Hotel Rondablikk
Frå teater til fjellvandring, sykling og fisking!

I området kring Rondablikk finn du det beste av kulturopplevingar og naturopplevingar. Du kan nyte naturen både med utfordrande og lettare turar - her er noko for alle. Om sommaren har vi dyr i nærområda, det er fint å fiske, sykle eller gå i fjellet. På Rondablikk har du heile nasjonalparken framom deg!

Høg kvalitet er eit kjennemerke!

Finn aktivitetar her

  • Peer Gynt-stemnet samlar gjester frå fjern og nær til ei kjent og kjær kulturoppleving.
  • Furusjøen Rundt arrangerer skirenn, sykkelritt og løp ved tre anledningar gjennom ulike årstider.
  • Rondaståk samlar gamle og unge til musikkopplevingar av høg kvalitet, og har på få år fått eit svært godt rykte.
  • Vinterstid kan du oppleve den vakre naturen bak eit entusiastisk hundespann, og skiløypenettet gjev deg strak veg til Mysuseter og heilt til Rondvassbu i Rondane. 
  • Anten du kjem under eit av desse arrangementa eller utenom, ligg det innbydande fjellterrenget klart til å ta i mot deg. Våre ansatte har kunnskap til å gje deg gode og varierte turforslag. Ta kontakt med Hotel Rondablikk for meir informasjon.

Hotel
Tørvis
Aktivitetar ved Tørvis Hotell

Frå fjæra og fjorden til breen og vidare opp til toppane!

Ved Tørvis Hotell kan du oppleva eit mangfald av natur som berre fjordnære områder kan by på.

Frå fjæra og fjorden til breen og vidare opp til vakre tinder kan du ta del i eit stort utval aktivitetar. Våren og sommaren byr i tillegg på vakre bygder med frukttre og bær som bugnar av farger og luktar. Det er frodig og grønt langs fjordane, og om ein ikkje vil bestige ein fjelltopp eller vandre på breen - kvifor ikkje berre nyte dette fantastiske naturlandskapet! 

Kano - og kajakkpadling, fisking, jakt, brevandring, fjellklatring, tinderangling og utforskning av kulturarven nær tettstedane er nokre av aktivitetane nærområda kan by på.

Kontakt Tørvis Hotell for meir informasjon.

Sjå fleire aktivitetar hjå Visit Sognefjord.

Hotel
Eidsbugarden
Aktivitetar ved Hotel Eidsbugarden
Frå toppturar til rockefestival - surfe på klare fjellvatn eller klatre i bratte fjellveggar - eller kanskje ein kort tur i lyngen?

Ved Eidsbugarden er det aktivitet gjennom alle sesongar, her kan du gå toppturar med guide eller korte turar nært hotellet.

På sommaren kan du nyte Vinjerock, ein av noregs mest særeigne festivalar.

Dette er staden for mange!

  •  Guida turar: Vi samarbeider med Tyin Aktiv og kan tilby guida toppturar til ei rekke turar i nærområda heile vinteren. Er du nyskjerrig på å dra på topptur vinterstid, men føler at du ikkje veit alt som skal til for å dra på tur ålene? Då kan ein guida topptur vere midt i blinken. På våre organiserte turar får du grunnleggande informasjon om trygge ruteval, kunnskap om skred og kameratredning med blant anna bruk av sendar/mottaker. Om du ikkje har topptur-skiutstyr sjølv, men ønsker å bli med på ein slik tur, så har vi komplette pakker til utleige. Turane må forhåndsbestillast.
  • Skredkurs: Eit skredkurs er ein obligatorisk øvelse for alle toppturinteresserte. Nærmare informasjon om dato og tid i 2017 kjem.
  • Kitekurs: Etter å ha halde oppe ein vintersesong på Eidsbugarden har vi sett at denne stadet egnar seg veldig godt for kiting vinterstid. Her kan ein kite rett utanfor døra eller dra lenger innover fjellet om ein har lyst på litt fleire utfordringar. Staden egnar seg både for nybegynnare og dei som har kita mykje før. Denne vinteren kan vi i samarbeid med Fluid.no tilby kitekurs her oppe heile vintersesongen. Fluid innførte kitesporten til Norge, og starta med kitekursa sine i 1998. Sidan den gong har dei utdanna tusenvis av ivrige nye kitere. Fluid har utvikla fleire kurssenter i fjellet i sørnorge, og held kurs på vatn i Stavanger og Oslo på sommaren. Dei har også camper i utlandet for nybegynnere som ønsker oppfølging gjennom ei heil veke, eller for dei med eiget utstyr som ønsker utvikle seg vidare samen med andre entusiastar.
  • Vinterferie: Kom og besøk oss på Eidsbugarden hotell i vinterferien. Vi på Eidsbugarden hotell ønsker å gje våre gjester ei heilt spesiell oppleving. Eidsbugarden ligg idyllisk til midt i Jotunheimen utan vegsamband vinterstid. Berre det å køyre beltebilen inn til oss er eit eventyr i seg sjølv. Dette gjev deg og din familie ein unik moglegheit til å vere saman, nyte naturen, god mat og gode senger i komfortable omgjevnader. Vi har aktivitetar og underhaldning for barn i alle aldre kvar dag heile vinterferien så her er noko for både store og små.

Ta kontakt med Hotel Eidsbugarden for meir informasjon.

Hotel
Mundal
Aktivitetar ved Hotel Mundal

Frå stavkyrkje til bokby og bremuseum

Mange kjem hit for å nyte stillheita og atmosfæra, men staden er samstundes rik på aktivitetar.

Her finn du både natur og kultur.

Eit knippe døme her:

  • Den Norske Bokbyen
  • Cruise på Nærøyfjorden
  • Kanotur
  • Brevandring
  • Norsk Bremuseum
  • Bøyum Fuglereservat
  • Flatbrehytta
  • Fjærland Kayak & Glacier
  • Jostedalsbreen Nasjonalpark
  • Astruptunet
  • Anestølen
  • Balestrand
  • Urnes Stavkirke
  • Lustrabadet

Kontakt Hotel Mundal for meir informasjon.

Klikk her for å sjå fleire aktivitetar hjå Visit Sognefjord.

Nigardsbreen
Gjesteheim
Aktivitetar ved Nigardsbreen Lodge

Midt i isbre-eventyret - Her kan du gå brevandirng, få ein guida tur i Jostedalen eller besøke Breheim Nasjonalpark!

Jostedalen og Nigardsbreen byr på eit av dei mest storslagne områda i Norge for oppleve isbreen. 

I toppen av dalen ligg Breheimsenteret, som er informasjonssenteret for Jostedalsbreen Nasjonalpark og porten før Nigardsbreen.

Vil du gå på bre og lære om kulturen og historia rundt breen, så er dette staden å besøke.

Kontakt Nigardsbreen Gjesteheim for meir informasjon. 

Klikk her for informasjon om Breheimsenteret.

Klikk her for å sjå fleire aktivitetar hjå Visit Sognefjord.